Lista-dikt

«LISTA»

av Per Sivle


Og straks der vestantil Lindesnes
det er ei bygd heiter «Lista».
Det er ei bygd der det tyt og blæs,
og der dei hev «ingja kvista».
Men taren kransar den lange rond,
der havet bryt seg mot Lister-strond.


Og måsen flyg yver saltan sjo
og flaksar med sine vengjer.
Og Lister-båten gjer likaso,
der fram han ber sine drengjer.
Og båten stoggar på bylgje-veg,
og fisken nuppar, og drengen dreg.


Og «Lista» ligg, der du frampå gjeng
som bakste-fjøli so flat, ja.
Og der er åker, og der er eng,
— so folk, dei fær seg no mat, ja.
Og der er øykjer og kyr og sau,
og lyng og rullestein er der au.


Og Lister-himlen er vid; og når
det inkje er nokor sky på,
so kvelver han seg so blank og klår,
til han tek hatten av bly på.
Og torve-røyken or pipa fyk,
der Lister-buen sin skorstein ryk.


Og Lister-buen er heller sein,
og sprakar inkje av yngdi.
Men endå hev han i nosi bein,
og kjem han, sig han med tyngdi.
Og alt i alt, vil eg leggja til,
er Lister-buen og «Lista» gild.

Diktet er trolig skrevet da Sivle bodde
hos Anders Hovden på Knivsland i Vanse.

Lista, mitt Lista

av Arne Espeland

Lista, mitt Lista, mi jord og mitt hav,
mitt kyrkjevegstykke frå vogga til grav.
Fornfunn fortel om tida som var,
åkrar og engjer om mor og om far.
Dagen i dag byr vengfang for meg,
og kveikjer meg motet som ropar av veg.
Lista, mitt Lista, mi jord og mitt hav.

Lista, mitt Lista, mi jord og mitt hav,
med høghimmel over kvart årskiftekrav.
Båtar legg ut, eit mineskot går.
Småbarn kring stova gir gløttet av vår.
Såkorn som gryr, slår rot i mitt eg.
Alt synes å vera ein mole av meg.
Lista, mitt Lista, mi jord og mitt hav.

Lista, mitt Lista, mi jord og mitt hav.
Sjå eingong kjem kvelden då eg vert løyst av. –
Framtida krev at ungdom slepp til,
ungdom med vidsyn, ungdom som vil.
Herre min Gud, strø fred på kvar veg,
og stød alle hender som oppover dreg.
Lista, mitt Lista, mi jord og mitt hav.

Når soli sig

av Arne Espeland

Naar soli sig som blod i hav,
og sjøen stend i brand,
det driv med purpurskyer av
utyver Liste-land.

Ein fager port av perlestein
hev opna seg i vest,
og lufti ligg i gull so rein
ikring den fagre gjest.

Du framand som fær sjaa det syn,
tak vyrdsamt hatten av.
No er det helg i himmelbryn
paa gjæve sjømenns grav.

Der søv det mang ein Liste-gut
so mjukt i tareseng.
Der sloknar alltid soli ut
fyrr ho til kvile gjeng.

LISTA 1942

Lerkja på Lista

av Arne Espeland
1928

Lerkja på Lista e’ foglen te’ alle.
He’ du ‘kje visst de’, så veid du de’ nå.
Høgt opp i lofta du høyre ‘o tralle
heilt i frå morran te’ mørkje’ fell på.

Lerkja på Lista e’ fattigmanns kåne.
Reire’ i tua ho laga a’ strå.
Men ho he’ heime der himmelen blåne
innøve Lista me’ blomplagge’ på.

Lerkja på Lista ser bare de’ gjille.
Møde ‘o modgong, så tie ‘o still.
Ette’ kver bøya ho slære ei trille,
takke Vårherre, å’ gjør de’ han vil.

Lerkja på Lista e’ te’ for å minne
folke’ som bur der, om alt de’ de’ he’.
Lerkja på Lista ber sommer i sinne’.
Eige du solskjinn, så synge’ du me’.

Eg kjøre mæ skeise

av Arne Espeland

Eg kjøre mæ’ sjeise te’ kjørka i Vanse,
å’ øygjen han tråve, så ‘julan dei danse!

Eg helse å’ nikke te’ kjenning å’ venn.
Dei alle snu håve’ å’ helse i’jen.

Å’ någen æ’ ette’ å’ någen æ’ føre.
Å’ någen dei ‘jenge å’ någen dei kjøre.

Eg kjenne dei alle på gonga, på laie;
på sveisen dei he’ øve’ brøste’ å’ maie.

Dæ’ dobbe a’ hatte’ å’ hette’ å’ hue’
på menne’ å’ kåne’ å’ ei som æ’ frue.

Å skoan æ’ possa mæ’ hellesod-sverte;
å’ sløyfe i flettan he’ Line å’ Berte.

Dæ ryge i euren der si’stakkan sobe.
Ein smågud æ’ trøytt å’ på besta si robe.

Ja dæ’ æ’ ei stri før ein kjem seg te’ kjørke
å’ høyre dæ’ Gussor’ som trua kan størke.

Å’ sjel om ein ‘jeng der så reine i possen,
ein tomle i håve’ mæ’ hønsan å’ kossen,

mæ’ teusa der heime som laga ska’ doppa,
å’ fløyde a’ skomme’ som flyd’ oppå soppa,

på boksan som heng der på haien så breie.
Kå meine du naboan tenkje’ å’ seie’?

Ja, slig plage tanken dei ette’, dei føre,
dei som fær trø’an, å’ dei som fær kjøre.

Eg kjenne dei alle, å’ ver’a dei ber på,
å’ måden dei tenkje, å’ måden dei ser på.

Eg helse å’ nikke te’ kjenning å’ venn.
Dei alle snu håve’ å’ helse i’jen.

Då høyre me klokkan, å’ tankan stenn stille,
å’ snu’ seg så fram te’ dæ’ go’e å’ ‘jille.

Å’ stri’en æ’ gløymt før ein kjem seg te’ kjørke,
der salme å’ Gussor’ ska’ trua vår størke.

Der mødes me alle. Der mjugne me sinne’.
Eg kjøre te’ kjørke kver sunda’ i minne’.

1951

(sjeise – karjol; ver’a – verden)