Om Mathias Skeibrok

Av ARNE ESPELAND

Farsunds Avis 2. oktober 1946

Forfatteren Arne Espeland holdt i Kringkastingen igår dette foredrag om sin sambygding, Mathias Skeibrok:
Mathias Skeibrok skildrar i «Sandferdige skrøner» korleis livet ter seg for løglege skruvar.
Der frir Trine til Tønnes: «Gitt om eg vil ha deg, Tønnes», der finn ein råd for eit sjukt bein, der får ein høyra kvifor folk går til kyrkje.
Eller vi les om då lynelden slo ned i jarnspettet og gjorde det mjukt som ein kalvehale. Sidan gjekk det rot i det, så eigaren laut grava det ned.
Og så helsar vi på dei to svograne som var så hatuge på kvarandre at ingen av dei mælte ordet når dei møttes.
Dei sat heile kveldane og naut hugnaden av å tie saman. –
I ei stova sit nokre karar og pratar om Napoleonskrigane. Det måtte då gå hardt ut over åker og eng, meinte ein av deim. Nei du kan skyna dei heldt seg i utmarka, svara den andre. Men, spør ein, du som veit alt, kan du fortelja meg kvifor dei kalla Napoleon for Bonaparta.
Jo, let svaret, han var son åt ein bonde, og så var han så aparta.
Mathias Skeibrok var, som kjent er, bilethoggar. Av skulpturen hans finn vi i Nasjonalgalleriet statuetten «Trett». Ei kona har sovna frå arbeidet sitt. Hovudet hallar inn mot stolbarden, karane har gle’e ut or hendene. Tett ved står ullkorg og darlar.
Det er mor hans, den evnerike bondekvinna som fortalde sonen dei rare sogene han seinare ga ut under namnet «Sandferdige skrøner». Ho sit der som representant for den kvinnetype listringen kjenner frå femti–seksti år sidan, den gongen ullkorg, rokk og vevstol stod i kvar manns stova, og små og store gjekk i heimelaga klær.
Nasjonalgalleriet eig også ei bysta av Bjørnson, modellert av Skeibrok, dertil «Moder våger» og «Ragnar Lodbrok i ormegården». Sistnemnde fekk store lovord på verdssjået i Paris 1878.
På slottet står «Snorre dikterer sine kongesagaer». Men det skulpturstykke den store massa best kjenner til, finn ein på frontgavlen åt Universitetet, den store frisa med emne henta frå gresk mytologi.
Mathias Skeibrok var fødd på garden Skeibrok på Lista 1851 som nest eldst av seks sysken. Heimehuset, som nå er reve, låg i eit lite dalsøkk oppunder heida, med utsyn over flatland og hav.
Alt før guten byrja på skulen, synte han hug og handelag for teikning. Men papiret var dyrt, og skillingane i dei dagar både få og dyrebare i ein bondeneve. Mathias laut la seg nøye med dogga på vinduglaset, eller kritrit på ei gamal skapdør. Han skar ut underlige dyr i tre, og i leirhola tett ved hus modellerte han figurar som han turka i sola.
Bestefaren Mathias guten bar namn etter, samla på kritbetar og blyantstumpar til augnesteinen sin, dertil varna han han mot dei av ungane som kom og ville gi guten pryl.
Vesle Mathias var ein stor utanje, som når han hadde vore ute med revestrekar, stødt søkte inn i vestrestova til bestefaren. Der våga ingen fylgja etter.
Broren Abraham som fortalde meg dette, kom aldri lenger enn til døra. Han var oppkalt etter bestefaren på morsida, og stod såleis svært lågt i kurs hos gamle Mathias.
Men inne i vestrestova hos bestefaren teikna Mathias dei tri Listefyrane som den tid stod på Gunnarshaug, som kvite lys jamsides kvarandre, hundre fot høge. Nå står bare det eine att. Og guten teikna Vanse kyrkja, og den breie og den tronge vegen dei vaksne prata så mykje om.
Gardsstrev kunne ikkje vesle Mathias noko med. Heime fekk han syskenflokken til å gjera arbeidet for seg mot å teikna for deim. Han hadde heller ikkje hug til å gå på skule. I ei av skuleomgongene som vara seks veker; møtte ikkje Mathias fram meir enn to heile dagar. Kvar morgon drog han med barna på skuleveg, men såsnart heimehuset var ute av leite, lurte han seg inn under eit steingjerde, og dreiv tida med treskjering og teikning, til dei andre ut på ettermiddagen kom att. Då fylgde han med heim. Og så stor age stod det av han at ingen våga seia frå om dette. Læraren Ola Vinni var gamal og tok det ikkje så nøye.
Frå den tida Mathias gjekk for presten, er det mange soger. Ein gong sette han støkken i sjølve presten Sars. Kristen Billedhoggar frå Lista hadde til kyrkja skore ut dei fire evangelistar, og to englar med basunar, ein på kvar sida av altaret. Dessverre strauk desse med under ein kyrkjebrann. Han hadde også skore ut ein merkjeleg døypefont, Johannes, døyparen, i full storleik med fatet i handa.
Som presten Sars ein dag kjem inn kyrkjegolvet og skal lesa med konfirmantane, finn han Johannes døypar utstyrd med oljefrakk og sydvest. Frå preikestolen stakk det fram eit gutehovud. Det var syndaren Mathias som ville sjå korleis presten tok det. Guten vart send heim. Ingen drøymde om at Mathias etter dette skulle sleppa fram til konfirmasjon. Men han greide vanskane då som ellers seinare i livet.
Etter konfirmasjonen gjekk guten rundt i dagløn. Han braut jord og hjula torv, men trivdest ikkje ved det. Året etter var han med Kristen Mikal på Borhaug og dreiv etter makrel. På det tente han åtte daler.
Så hendte det at Ole Jørstad kom ein tur til Flekkefjord, og der vart han av kjøpmann Tallak Finsnes spurt om han kjende ein gut som var flink til å skriva og rekna i hovudet. Han ville ha han i krambua si.
Ola la godord inn for Mathias. Han var sers god til å fakturere, sa han, det vil seia å skriva bokstavar slik dei stod prenta i bøker. Mathias stod på Tallakbua i halvtanna år. Då slutta han. Eg duger ikkje til å stå og ljuge for folk, sa han. Det var hans syn på forretningslivet.
I Flekkefjord las han mykje. Særleg var han glad i soga. Han skar ut Napoleon i tre, Olav den heilage, og Karl Johan på hesteryggen. Broren sa at sistnemde var så brennlikt monumentet framfor slottet, Karl Johan til hest med hatten i handa.
At Mathias også pusla med karikaturteikningar i guteårå, syner denne soga. Ein dag han hadde rita av den tykke sjefen sin, og synt ein kunde teikninga, kom Tallak inn. Mathias stakk papiret ned i sukkerskuffa, men Tallak drog det fram og såg på det. Seinare tutla han ein dalar i neven på guten og sa: «Broer, du skulle ikkje gjera slikt meir, skulle du ikkje».
På Listefyrane var det i den tida ein gløgg medhjelpar som heitte Hole. Han drog i fristundene kringom på Lista og kjøpte ull, og fekk på ei ferd til Skeibrok sjå noko av det Mathias hadde laga. Det beste sendte han til Kristiania til ein Deconick som handla med utskårne saker og vølte gamle møblar. Deconick svara at guten kunne få plass hos han som læredreng. Men så stod det på reisepengar.
Endeleg fekk far til Mathias låna ti dalar av Oseas skulemeistar mot fast pant i garden, og med desse i lumma drog så guten ut på den for han så tronge kunstnarvegen.
Han var hos Deconick eit par år. Om kveldane gjekk han på teikneskule. I fristundene fekk han rettleiding i modellering av bilethoggar Middelthun.
1872 hadde Mathias Skeibrok ferdig første arbeidet sitt, ei bysta av zoologen Sars. Seinare modellerte han Johan Sverdrup. I 74 drog Skeibrok til Kjøbenhavn for å læra meir. Dei to åra der var dei verste i livet mitt, sa han seinare. Han både svalt og fraus.
I 76 fekk han statsstipend og drog til Paris. Der var han i tri år og laga mellom anna det før nemde arbeidet Ragnar Lodbrok i ormegården.
Kvar gong det var høve til det, drog Skeibrok heim til Lista. Og stødt fylgde det gode humøret han. Som soldat fann han på det mest utrulege. Snart teikna han karikaturar av befalet, eller han hermde etter det. Og då han ikkje var komen til verdi for å dra på utmarsjer, som han sa, sytte han stødt for å få seg arrest når slike stod for dør.
Siste soldatåret hans, kanskje noko av di han då var vorten ein landskjend mann, vart han korporal. Nå fans det i troppen hans ein tomling frå Farsund som snaudt visste skildnad på høgre og venstre. Alt det dei bala med han, like lite hjalp det. Så fekk Mathias Skeibrok i oppdrag å læra mannen dei rette vendingar. Han greide det på sin originale måte. Då kapteinen kom på inspeksjon, undren over dei kvikke beintaka tomlingen gjorde, høyrde han Skeibrok kommandera med torerøyst: Ryggen til bjørka, eit, to, ryggen til løda, eit, to. Men istaden for ryggen sa han noko heilt anna.
Det tok til å lysne økonomisk for Mathias Skeibrok. Han fekk fleire tingingar. Han laga ei bysta av Eilert Sundt, ei av amtmann Aall, og eit relieff av Eivind Torp. Dertil vart han tilsett som overlærar ved Kongeleg kunst- og handverkskule. Han gifta seg med frk. Inger Nordbye, og gledde seg som eit barn over heimen sin. Skeibrok likna Listelerka som stig til vers og syng i kvart solgløttet. For det vart bare eit solgløtt. Frua døyde etter halvtanna års samliv, og han satt att med ei dotter. Sorga tok han så hardt, at han heldt på å gå under.
Å lesa breva Skeibrok skreiv heim, er den skire Mark Twain-lektyre. Trass det at han stadig gjekk tyngd av næringssorger, hadde han noko å gi, ein tikrone, ei gova, eit godord. Eit ungt brurpar sender han helsing i brev med syrgjerenn. Seinare skikkar han førstebarnet eit par sko, med den formaning at foreldra ikkje må ta så tjukke sokkar på ungen at det ikkje vert plass att for foten.
Veret i Kristiania skildrar han i sterke fargar. Anten er det så brennkaldt derinne, at ein lyt fyra verre enn på den heitaste staden folk veit om, eller så er det vind, eller skodde, sjeddtjukk og laber, som han skreiv Liste-skipparen i journalen.
I 1887 fortel Skeibrok om det store relieffet han streva med til Universitetet. Den største figuren, skriv han, er åtte fot, altså høyere enn Brennevins Oseas hjemme. Den same Brennevins Oseas var hovudet høgre enn alt folket. Men i brev av 21. januar 1895 skriv han heim: «Idag er jeg utnevnt av kongen til ridder av St. Olavsordenen. Det er en stjerne av gull som jeg skal bære på brystet, og det betyr fedrelandets takk til meg for kunstnerisk fortjeneste. Der er en merkedag i mitt liv, og Vårherre skal vite, at det ikke har vært roser jeg har vandret på fra den tid jeg drog ut.»
I «Sandferdige skrøner» finn ein mange våe ord. Folk var verre før i tida til å banne enn nå. Pitter Reinert sine skrøner provar det same. Pitter Reinert er vel den største humoristen Noreg har fostra. Vert det høve til det, skal eg fortelja om han seinare.
Då Skeibrok hadde gitt ut sine «Sandferdige skrøner» vart han stempla som ein gudsforgåen mann. Folk flest skyna ikkje at sogene var ein spegill av folkehumoren i den bunad dei sjølv gav han, – og at det under skjemta kan leva ålvor og barnetru.
I brev til svoger og søster skriv Skeibrok: «Be Fadervår sammen når tiden faller tung. Det hjelper og styrker, det vet jeg om».
Mathias Skeibrok vart oppatt-gift med frk. Charlotte Øvre. Gleda over den nye heimen, og at den unge frua tok seg så vel av dottera, var stor. Men det vart bare eit solgløtt denne gongen og.
Kvelden 22. mars 1896 fekk Skeibrok, 45 år gamal, brå død på veg heim frå eit foredrag han hadde halde. Det vart tomt etter han, for han var ein mann som ruvde, og dertil mykje venesæl.
1911 vart det på Vår Frelsers gravlund reist ett gravmæle over han, laga av eleven hans, bilethoggar Utne.
Lista har heidra Mathias Skeibrok sitt minne ved å kjøpa inn avstøypingar av skulptur han let etter seg.
Samlinga er å finna i kommunestova i Vanse.

(Samlingen av Skeibrok-skulpturer ble på midten av 1950-tallet flyttet til nybygget ved Lista Museum. Sommeren 2009 ble de fleste av skulpturene flyttet til den nye museumsavdelingen på Nordberg fort.)